Jørn-Arne Tomasgard ©
Jørn-Arne Tomasgard ©
Jørn-Arne Tomasgard ©

På tur vinter og sommar  i Eid

Det manglar ikkje på flotte tur - og naturopplevingar i Eid kommune. Her er tilbod til liten og stor, sommar som vinter. Etter kvart er det fleire merka turstiar kring om i heile kommunen og etter kvart også kulturløyper (Sagaløypa er ei nærturløype gjennom Eid sentrum si kulturhistorie). I Eid sentrum er det fleire parkar både for leik og kvile. I Sagaparken og i Jektehola kan du også bade.    

Harpefossen 

Harpefossen skisenteret ligg i Hjelmelandsdalen.  I tillegg til at her er eit komplett alpinanlegg med 6 heisar og 13 nedfartar i velpreparerte trasear,  flomlyste langrennsløyper og skiskytararena, så er her også eit flott turterreng på sommarstid. Fleire godt skilta og merka ruter tek deg med innom tradisjonsrike setrar, men også til fjellområde som både er lett tilgjengelege men også enkelte meir krevjande. 

Skileikområde med gode vilkår for borna, serveringstilbod og gode parkeringsplassar gjer det enkelt for heile familien å ta turen til Harpefossen. Det er også fleire grillhytter/gapahukar i området. Stadig fleire ser verdien av å bruke mykje av fritida si på Harpefossen, og det har ført til ei storstilt hytteutbyggjing i området. 

Tua

Langrennstilhøva er heilt ypparlege på fellesanlegget Tua i Stigedalen, der det òg er skytebane for det aktive og svært dyktige skyttarmiljøet i Eid. På Tua er det også laga til skileikområde for borna der det også er grillhytte som alle kan nytte. I Fladalen og Lindvikdalen som er flotte turområde også på sommarstida, er det også sett opp fine grillhytter som er lett tilgjengelege. 

Fotturar i Eid kommune

Turboka «Til Fjells» har samla dei mest  populære fjellturane i Eid kommune. Her skildrar folk med stor lokalkunnskap korleis du enklast mogleg skal kome deg til og frå turstiane i kommunen, og ikkje minst kva du kan sjå og oppleve på turen. Fleire av turane kan gåast på ski eller truger om vinteren.

Under kan du laste ned delar av, eller heile boka, i pdf-format. "Til fjells" er også til sals på Totlands bokhandel for kr. 328,-. I boka ligg der vedlagt Turkart for Eid kommune.  God tur! 

Til Fjells - Intro
Sørsida av Eidsfjorden
Lote - Hennebygda
Holmøyvik - Skauset
Heggjabygda
Hjelle - Stigedalen - Bjørlo
Nord for Nordfjordeid sentrum
Haugen - Harpefossen
Stårheim
Kjølsdalen

Naturmøteplassar

Ved Navestøylen i Kjølsdalen har Trekløveret 4H laga ein naturmøteplass som er eit flott og lett tilgjengleg turmål for alle. På Gildra på Hjelle har Hestehoven 4H laga til ein flott naturmøteplass med fin utsikt. I skogen ved Orheim på Stårheim har Fredig 4H laga til ein fin naturmøteplass. Dei planlegg også ein naturmøteplass ved sjøen i Stårheim sentrum (ferdig i 2018). Naturmøteplassar finn ein også på Utsikten i Nordfjordeid sentrum og fleire i Stigedalen og på Harpefossen.

Setrane i Eid

Det er over 70 setrar i Eid kommune, og fleire av dei er særs godt tekne vare på og er viktige kulturminne. Det går skogsvegar til ei rekke setrar, noko som gjer det lett å ta seg fram til dei. Hjellesetra er ei av desse, og denne setra har også nasjonal interesse som følgje av at den er så godt teken vare på.

På Sagesetra i  Fladalen er der framleis drift på sommarstida då kyrne går der på beite. Også på Lotsstøylen har der vore drift heilt fram til no.

Dei veglause gardane på Åsane (sti frå Lotsberg på Lote eller frå vegen til Hennebygda) er også eit turmål i særklasse.

Jakt og fiske

Laksefiske i Eidselva

Eidselva strekkjer seg frå Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, til Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Eid sentrum.  Her kan du kjøpe fiskekort både privat og med Eid sportsfiskarlag. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i Amfi på Nordfjordeid.  Første fiskedøgnet i 2017 vart det teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg.

Hjalma

Hjalma er ei mindre lakseelv som ligg ca 6 km vest for Nordfjordeid. Det er ei flaumelv som veks fort opp om det kjem eit regnskyll. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i Amfi på Nordfjordeid.

Hornindalsvatnet

Største delen av Europas djupaste innsjø ligg i Eid, og her er det fine forhold for turar, fiske og badeliv.

Om du ønskjer å fiske i Hornindalsvatnet, kan du kjøpe rimeleg fiskekort på m.a. Nesjartun Camping der du også kan leige båt.

Hjortejakt

Eid jeger og fiskelag er lokallag under Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dei arrangerer jegerprøvekurs årleg. Eid kommune er elles delt inn i fleire mindre hjortevald, som er ansvarleg for lokal hjortejakt og forvaltning av hjorteviltstammen.

Fjordfiske

Det er gode forhold for fiske langs Eidsfjorden. 

Fjordhesten

Norsk Fjordhestsenter AS er det nasjonale senteret for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten, og det er ikkje tilfeldig at det er lagt til Nordfjordeid. Nordfjordeid blir kalla fjordhestens Mekka med bakgrunn i dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for.

På Fjordhestsenteret blir det arrangert  rideleir, ridekurs og fjellturar.  

Ridestien frå Fjordhestsenteret gjennom bustadfeltet Hogaåsen, fører deg ut i utmarka på ein godt opparbeidd veg. Her kan du no ri på fin grusveg heilt til Fossane (om enn litt bratt på slutten)

Heilårsgrønn kunstgrasbane

Eid idrettspark er staden for utandørstrening i vinterhalvåret. Bana her er spesiell i og med at den blir varma opp med fjordvarme.  Fjordvarme-prosjektet på Nordfjordeid har m.a.o. gitt  den lokale idretten eit stort fortrinn når det gjeld utandørstrening i vinterhalvåret.

Nordfjord Golfklubb

Golf er ein populær sport i Eid og klubben engasjerer golfarar i alle aldrar. Klubben har ei flott og ettertrakta 9 hols golfbane på Stokkenes Golfpark.

Bua Eid

Utstyrsbanken Bua Eid er ei utlånsordning for sport- og fritidsutstyr som er etablert ved LA-senteret på Langeland. Her kan alle låne heilt gratis! Det kostar ingen ting å prøve ein ny aktivitet!