0 ©
7 ©
0 ©
0 ©

Eid kommune har gode tenester og tilbod for dei som veks opp og bur i kommunen.

Barnehagar og skular

Barnehagane i kommunen finn du i Kjølsdalen (Montesorribarnhage), kommunale barnehagar på Stårheim, Haugen og Nordfjordeid.  I alt er der 4 kommunale barnehagar, 3 private og 2 private familiebarnehagar.  Det er god barnehagedekning.

Barneskular er der i Kjølsdalen (Montesorri), Stårheim, Haugen, Nordfjordeid og Hjelle.

På Nordfjordeid ligg skulane på rekke og rad i gangavstand for dei fleste som bur i sentrum.  Her ligg også Eid idrettshus, Eidahallen og Eid idrettspark; den utandørs idrettsbana som blir oppvarma med Fjordvarme.

Eid ungdomsskule ligg på Nordfjordeid og er for elevar i heile kommunen.  I tillegg har Kjølsdalen Montesorriskule elevar på ungdomstrinnet.

Eid vidaregåande skule har linjer for elektrofag, design og handverk, teknikk og industriell produksjon, påbygging til generell studiekompetanse og studiespesialisering.

Helsestasjonen har fast kontortid på Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule.

Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid har linjer for sirkus, hest, kunst, livsstilendring og bu- og fritid.

Kulturskulen i Eid er ein  viktig motor i utviklinga av kulturlivet i kommunen.  Med dyktige profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar er det ei stor breidde i opplæringstilboda innan song og musikk.  Også dans, ballett og visuell kunst kan  ein få opplæring i her.

Riding

Her er eit rikt tilbod for alle hesteinteresserte.  Fjordhestsenteret, Evas ridesenter, Eid ride- og køyreklubb er staden for den som har hest som hobby.

Barnas Turlag Eid

Vi har eit aktivt barnas turlag i Eid. På sida til Midtre Nordfjord turlag finn du oversikt over tilbod til ei kvar tid.

Klenkarberget Sommarcamp

Klenkarberget Sommarcamp blir drive av Haugen Idrettslag og er eit aktivitetstilbod i sommarferien for barn i barneskulealder. Sommarcampen er for barn frå heile Eid kommune, for barn i nabokommunane og for andre tilreisande barn.

Barne og ungdomsorganisasjonar

I Eid er det 6 4H klubbar. I Nordfjordeid sentrum finn du kommunen si einaste speidergruppe. Barnas Turlag Eid har aktivitet og organiserte turar for born heile året. Eid Husflidslag har tilbod om Ung husflid . Der er Ungdomslag i Kjølsdalen på Haugen, Lote, Hennebygda og på Hjelle.

Dei 7 idrettslaga i kommunen, 7 skyttarlag, tae-kwon-do klubben, Eid Symjeklubb og Eid Ride- og køyreklubb og har alle gode og mangfaldige tilbod innan idrett og trening til born og ungdom.

Eid har 4 flotte skulekorps i Kjølsdalen og på Stårheim, Nordfjordeid og Hjelle. Dei gir opplæring musikk og samspel av høg kvalitet. Nordfjordeid skulekorps har også drilltropp. Vi har to spel- og dansarlag som gir opplæring i folkemusikk: Nordbygda og Vindfylla. Haugen UL har barneleikarring. Barnekor finnest i fleire bygder og Ungdomskor i Nordfjordeid sentrum.Fleire av bygdene har yngreslag/hobbyklubbar. I tillegg har trusopplæringa (Den norske kyrkja) aktivitetar for born og unge i alderen 0 – 18 år. Interesseorganisasjonar for ungdom finnest også t.d. Natur og ungdom og fleire politiske ungdomsorganisasjonar.

Liste over frivillige lag og organisasjonar med kontaktinformasjon kjem.

Rikt og mangfaldig kulturliv for barn og unge

I Eid kommune er det eit rikt og mangfaldig kulturliv for barn og unge.

Gymmen scene og Studio er Nordfjord heilsårs rockescene og aktivitetshus med øvingsrom og studio i kjellaren.  Rockscena har plass til 250 personar.

Eid Kyrkjetun har nattkafé kvar fredag frå kl. 20 til 24. Eit rusfritt tilbod med kiosk og mange aktivitetsmuligheiter.

Eid Bibliotek har eit godt tilbod av barne- og ungdomslitteratur og filmar. Her kan du låne heilt gratis.

Eid kino syner barne- og ungdomsfilmar nær kvar veke heile året.

Kulturskulen i Eid er ein viktig motor i kulturlivet i kommunen. Med dyktige profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar er det ei stor breidde i opplæringstilboda innan song og musikk, dans, ballett og visuell kunst.

Les meir på sidene: Kultur Natur og friluftsliv Idrett og fysisk aktivitet