Kulturløyper

På denne sida finn du i dag orientering om to løyper (nærturar) som du kan gå og samtidig bli kjend med kulturhistoria til Eid kommune. Løypene er skilta. Sagaløypa med i alt 7 skilt og Militærhistorisk løype har pr. i dag 2 skilt. Sagaløypa tek deg ei runde gjennom sentrum der du får informasjon både om vikingtida på Nordfjordeid og utvikling av tettstaden Nordfjordeid. Den militærhistoriske løypa viser til aktivitetar i tilknyting til landets eldste eksersisplass som låg her på Nordfjordeid.

Eid kommune har eit mål å gjere kulturarven meir kjend for innbyggjarar og besøkande. Det er eit tiltak i kulturarvplanen til Eid kommune å støtte lokale initiativ som ønskjer å etablere nye turløyper eller merke eksisterande turløyper i tilknyting til kulturminne, kulturmiljø og/eller kulturlandskap – natur-/kulturløyper.

Målet er å få mange slike kulturhistoriske løyper kring om i kommunen.