Dugnadsånd på Harpefossen
Dugnadsånd på Harpefossen - 3 ©

Ei aktiv fritid og deltaking i frivillig arbeid er sosialmedisin i praksis og krydder i kvardagen. Om du deltek mykje eller lite spelar ingen rolle. Alt er like viktig og alt gir ein helsegevinst for den som deltek og samfunnsnytte for nærmiljøet. Inviter ein ny nabo med på din aktivitet

Det aller meste av fritidsaktivitet for personar i alle aldrar skjer i regi av eller er tilrettelagt av frivillige organisajonar. Mange organisasjonar er med på å opparbeide naturområder/uteområde/ leikeplassar/stiar for uorganisert fritidsaktivitet. Ei stor takk til alle som gjer ein innsats for at desse aktivitetane går sin gang. Det betyr så enormt mykje.

Frivillige lag og organisasjonar i Eid

Eid kommune har ei stor breidde av lag og organisasjonar i kategoriane:
Idrett og friluftsliv
Song, musikk, teater og kunst
Politiske organisasjonar
Utviklingslag/grendalag
Barnelag og ungdomsklubbar
Forsamlingslokale
Interesseorganisasjonar
Tru- og livssynsorganisasjonar
Sosiale og humanitære organisasjonar
Grunneigar- og elveeigarlag

Samla oversikt over lag og organisasjonar i Eid finn du her. Vi gjer atterhald om feil og manglar. Dersom du ser at ein organisasjon manglar eller har feil opplysningar, så send ein e-post om dette til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. .

Ønskjer du å starte ein frivillig organisasjon/gruppe

Her finn du god hjelp og rettleiing:

Gode råd på Frivillighet Norge sine nettsider 

Registrer ditt lag i Frivilligregisteret 

Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kan gi gode råd.

Låne lokale/uteområde til ein aktivitet

Alle kommunal skulebygg kan lånast til møter og fritidsaktivitet. Kommunen har også idrettsbygg og anlegg som kan lånast. For meir informasjon kontakt Eid kommune tlf. 57885800 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Låne forsamlingslokale: Kontakt eit av dei mange flotte forsamlingshusa vi har i Eid. Samla oversikt med kontaktinformasjon finn du her. (Med atterhald om feil)

Låne kommunale torgplassar, parkar og uteområde: Kontakt Eid kommune tlf. 57885800 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Låne hus/uteområde på Eksersisplassen/Malakoff: Kontakt Plassens Venner via Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Eid Frivilligsentral

Eid Frivilligsentral held til i Eidsgata 9. Eid Frivilligsentral er eit servicekontor for alle som driv med eller ønskjer å melde seg som frivillig, alle som driv med frivillig arbeid, dei som ønskjer å starte ein fritidsaktivitet, finne finansiering til ein fritidsaktivitet m.m. Frivilligsentralen kan gi gode råd og rettleiing.

Leitar du etter din aktivitet på fritida. Eid Frivilligsentral kan hjelpe deg å finne den!

Eid Frivilligsentral administrerer også fleire nærmiljøtiltak, diverse eigne aktivitetar, sosiale møteplassar, opplæringsarenaer, folkehelseaktivitetar m.m.

Kvar vekedag er dørene opne mellom kl. 09.30 og 15.30. Ta turen innom for ein prat.

eid.frivilligsentral.no Eid friviligserntral på Facebook

Les meir om aktivitetar og fritidstilbod i Eid her:

Idrett og fysisk aktivitet   Kultur    Natur og friluftsliv   Oppvekst