0 ©
0 ©
0 ©
7 ©
Dalseth Skog
Dalseth Skog - 0 ©

Eit næringsliv midt i blinken

Eid har eit mangfaldig næringsliv med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at det lokale næringslivet kan invitere til svært varierte arbeidsplassar med både små og store utfordringar, alt etter kva ein sjølv ønskjer. Og når alt kjem til alt, er ein god arbeidsplass og ei sikker inntekt kanskje det aller viktigaste når ein skal etablere seg og stifte familie.

Her finn ein arbeidsplassar innan handel, elektro- og automasjon, bygg og trevare, byggingeniør/konsulent, bilteknikk, marine, helse og omsorg, utdanning, jordbruk, offentlig forvaltning, IT, baking og konditori og mykje, mykje meir.. 

Nyskaping og utvikling

Eid ligg midt i ein region med svært mykje aktivitet, både ute ved kysten, inne i fjorden og oppe hjå storebror på Søre Sunnmøre. Snakk om å vere midt i blinken! For dei som bur i Eid, har ein ein svært stor region med tusenvis av arbeidsplassar ein kan pendle til. Likeeins er det mogleg å bu i ein nabokommune og pendle inn til dei mange, attraktive arbeidsplassane i Eid. Den geografiske plasseringa av Eid kommune midt i Nordfjord er altså til stor nytte både for lokalt næringsliv og for dei som vel å busetje seg i regionen – eit perfekt utgangspunkt for nyskaping og utvikling!

Elektro- og automasjonsmiljøet

På Nordfjordeid jobbar det over 200 personar innan elektro og automasjon, dei fleste i bedriftene Caverion, Eid Elektro og Normatic. Her er det difor gode moglegheiter for ei karriere innan denne spennande og nyskapande klynga!

Normatic AS

Eid Elektro AS

Caverion

Moderne Varme

Fjordvarme

Nordplan

Sauter

Eid Industrihus KF

Føremålet til selskapet er å vere Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal i samsvar med vedtekne arealplanar. Vidare skal selskapet kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse. Selskapet er i godt samarbeid med Nordfjord Vekst - med marknadsføring av våre produkt og tenester.

Produkt og aktivitet

  • Utleige av næringsbygg/lokale
  • Tilrettelegging av næringsareal
  • Kjøp og sal av næringsbygg/-eigedom

Nordfjordeid Næringshage

Næringshagane i Nordfjord er eit samarbeid mellom Stryn- og Nordfjordeid Næringshagar – to kommersielle ressurssentra og kompetansenettverk – med føremål om å fremje vekst og positiv utvikling av næringsliv og samfunn.

Initiativet til etablering av Nordfjordeid Næringshage kom frå relativt unge bedrifter på Nordfjordeid som har stort utviklingspotensiale og som erkjenner at dei vil ha stor nytte av eit felles miljø. Fellesnemnaren for desse bedriftene er at mykje av deira kapital er knytt til kunnskapen hos den einskilde medarbeidar. Bedriftene har stadig behov for fleire medarbeidarar, og trur at eit større kompetansemiljø med moderne lokalitetar og utstyr, vil gjere rekrutteringsarbeidet lettare.

Skreddarhuset

Skreddarhuset er eit næringscluster beståande av ulike verksemder som gjerne leverer skreddarsaum innan sine respektive virkefelt. Skreddarhuset driv med utleige av attraktive og sentrumsnære lokaler for bedrifter.

Fjordabladet

Fjordabladet er ei avis som blir utgjeven i Eid. Avisa er den nest eldste i fylket si pressesoge, og blei skipa som Fjordenes Blad i august 1874. Avisa kjem ut 2 gongar i veka, og er både i papirutgåve og som nettavis.

Landbruk

Landbruket er ein av dei viktige og tradisjonsrike næringsvegane i Eid, der storfe med mjølkeproduksjon og hest er to av dei største driftsformene. Og når ein er inne på dette med kopling av kultur og næring – kua har vorte sjølve symbolet på populære Malakoff Rockfestival!

I Eid har ein ei samla mjølkekvote på vel 7.000.000 liter mjølk fordelt på om lag 90 produsentar (2009). Det gjer Eid til ein viktig kommunane i Noreg på mjølkeproduksjon. I tillegg er Eid den størst kommunen i fylket med gardbrukarar som har hest som driftsform. Landbruket opplever stadig endringar gjennom endra rammevilkår, samdrifter oppstår og andre gjev seg, men likevel er landbruket eit av dei mest karakteristiske trekka ved eidasamfunnet.

Andre viktige driftsformer i Eid er storfe med tanke på kjøtproduksjon, sau, frukt og til ei viss grad bær og verpehøner. Eit satsingsområde framover vil vere å tenkje landbruk på ein annan måte, der ein kombinerer gardsdrift både med reiseliv og kultur. Slike tiltak vil føye seg perfekt inn i den satsinga Eid har for tida på å gjere seg mest mogleg attraktiv for tilreisande frå fjern og nær.

I alt er det 599 landbrukseigedomar i Eid der drøye 550 av desse har over fem dekar med jordbruksareal. Totalt er det 31.574 dekar med jordbruksareal der 24.818 dekar er areal som er i drift. I tillegg har Eid eit produktivt skogsareal på heile 125.779 dekar. Dette seier noko om det store omfanget av jord- og skogbruket i Eid!

Ein gardbrukars beste venn er ofte avløysaren. Landbrukstenester Nordfjord er eit avløysarlag som formidlar landbruksvikarar og andre avløysarar slik at gardbrukaren kan få hjelp ved sjukdom og for å gjere det mogleg med ferie og fritid. Storleiken på landbruket i Eid gjer at slike ordningar fungerer godt og føremålstenleg.