Sagaløypa - 5 - Mektig slekt i vikingtida

Ei sterk ætt hadde setet sitt inst ved Eidsfjorden. Både kvinner og menn i ætta vart gravlagde i dei store haugane her på Myklebust. Imponerande gravhaugar skulle symbolisere makt.

I politisk strid

Vikingtida var ein periode med politisk konsolidering og med sterk strid om makta. Småkongen Audbjørn i Firdafylket fall i slag mot kong Harald Hårfagre på Sunnmøre, i siste halvdel av 800-talet. Sogeskrivaren Snorre Sturlasson fortel vidare at broren Vemund vart drepen eit halvt år seinare i ein påsett husbrann.

Audbjørn vart gravlagd i Rundehogjen, i gravfeltet på Myklebust. Familien sat på denne garden, også etter at Audbjørn og Vemund var borte.

Gravfelt frå vikingtida

Husbondfolket i slekta vart gravlagde nær gardstunet sitt på Myklebust, slik skikken var. I gravfeltet låg det fem store haugar. Dei var godt synlege både frå fjorden og på land. Berre Rundehogjen er att i dag.

Gravhaugen Skjoratippen låg framme på den naturlege terrassekanten, tvers overfor Rundehogjen. Haugen var rund og kjegleforma, heile 32 meter i diameter. Gravhaugen er borte, men staden er i dag markert med ein bauta. To store haugar låg vidare austover på terrassekanten og ein låg på flata nær Rundehogjen. Det er flest opplysningar frå Skjoratippen og Rundehogjen. Gravene er hovudsakleg daterte til ulike tider i vikingtida.

Gravhaugen Skjoratippen

Skjoratippen var eit stort gravminne for ætta. Han inneheldt seks graver frå tida 700 til 950. Det er uvanleg med så mange graver i same haugen. Fem personar vart lagde til kvile i eigne gravminne, og haugen vart gradvis utvida. Den første som blei gravlagd her, var ei kvinne.

Skjoratippen blei utgravd i 1902 og -03. Den sjette grava, ei ubrent gravlegging i båt, fann arkeolog Haakon Schetelig berre nokre naglar etter. Grava låg høgare i haugen og var blitt øydelagd ved uttak av mold.

Utstyrt til det neste livet

Tolv kvinner og menn i fire til fem slektsledd vart lagde til kvile i gravfeltet. Fleire menn og kvinner vart gravlagde i båt, men langt enklare enn i Rundehogjen.

Etter norrøn tru fekk kvinnene og mennene med seg utstyr til det neste livet. Kvinnene fekk kjøkkenutstyr og reiskapar til tekstilarbeid. Kleda var pryda med fine smykke. Mennene vart gravlagde med våpna sine, og fleire hadde reiskapar til trearbeid og til smedarbeid. Form og utsjånad på smykke og våpen følgde motesvingingar medan reiskapane heldt seg uendra.

Etter kristninga vart det bygd ei kyrkje tett ved gardstunet på Myklebust. Det vart forbod mot hauglegging, og opplysningar om stormannsslekta forsvann med den nye gravskikken.