Kulturnatt
Kulturnatt - Svein Nesbakk ©
©
©

Operahuset Nordfjord – Nordfjordeid si storstove og spelestad for alt frå rock til opera

Visjon: Operahuset Nordfjord skal vere møtestad for flest mogleg og fungere som huset for alle. Operahuset Nordfjord skal bidra til auka kunstnarleg aktivitet – utvikle kulturlivet i kommunen og regionen.

Operahuset Nordfjord  er heile Nordfjord si storstove med opera, musikal, teater, dans, konsertar, konferansar, messer – profesjonelle og amatørar.  Inneheld operasal, kino, bibliotek, rockescene, studio og foaje – samlokalisert med Eid vidaregåande skule.

Operasalen har framifrå akustikk, 534 sete, stor scene med topp lyd-og lysutstyr, orkestergrav og garderobar. 

I  Gymmen Scene og Studio er det godt utstyrt øvingslokale for band mm, samt studio i kjellaren.  Gymmen er og godt eigna som konsertlokale. 

Kultur skapar kultur. Suksessen med Opera Nordfjord gjorde det mogleg å byggje Operahuset Nordfjord perfekt tilpassa akustisk musikk. Og suksessen med Malakoff Rockfestival gjorde det mogleg å lage  Gymmen til den ultimate staden for utøving av rytmisk, plug-in-musikk. Operahuset og Gymmen utfyller kvarandre godt og gjev all type scenekunst endå betre kår i Nordfjord.

Eid kino er lokalisert i Operahuset Nordfjord og er tilpassa digital kino og 3D med 105 behagelege kinosete. Kinosalen er også svært godt eigna til undervisning, møte og konferansar.

Eid bibliotek er også lokalisert i Operahuset Nordfjord.  Her er m.a.  lesesal med 14 arbeidsplassar.

Kulturhuset Gamlebanken

Kulturhuset Gamlebanken ligg i Eidsgata, og er staden for utstillingar  med  kunstnarar både frå Nordfjord og andre delar av landet.  Her er faste utstillingar, i tillegg til separatutstillingar fleire gongar i året.  Her er det både biletkunst, foto, glas og kunsthandverk. Mindre konsertar blir arrangert gjennom heile året.  I tillegg er huset verdt eit besøk i seg sjølv.  Huset har ei rik historie tilbake til 1881 då det vart bygt til Nordfjord Sparebank.  Første banken som vart etablert i Nordfjord.   Sidan 1998 har stiftinga Kulturhuset Gamlebanken disponert huset.

Valhall

Valhall er det som ein gong var Ungdomshuset Valhall på Nordfjordeid.  Bygget er i eigd og drifta av Eid kommune.   Her er mykje aktivitet i dag, og kan leigast til diverse arrangement/aktivitetar.  Kontakt Eid kommune for leige.

Kyrkjene i Eid

Her er kyrkje på Nordfjordeid, Stårheim, Kjølsdalen og i Heggjabygda. Kyrkja på Nordfjordeid er den største kyrkja i Nordfjord med 550 sitjeplassar.  Innvendig er den rikt dekorert med utskjeringar og dekormåling i dragestil.  Kyrkja er sommaropen, og der blir ofte arrangert konsertar der. 

Grendahus/lagshus

I Eid kommune er det flotte forsamlingslokale i alle skulekrinsar og i mange av smågrendene. Desse er drivne på dugnad, og mange av dei er modernisert og har gode fasilitetar for eit stort spekter av aktivitetar, åremålsdagar og selskap. Samla liste med kontaktinformasjon til lagshusa kjem.

Du kan også finne meir informasjon om nokre av lagshus i Eid her.