©

Bussruter

Eid er ein viktig stoppestad for NOR-WAY Bussekspress med to gjennomgåande ekspressbussruter som har fleire daglege avgangar. Dette gjeld Nordfjordekspressen mellom Måløy og Oslo på Riksveg 15 og Vestlandsbussen mellom Ålesund og Bergen på E39. Dette er den smarte reisemåten for dei som ønskjer ei miljøvennleg, rimeleg og komfortabel reiseform utan innsjekkingar og sikkerheitskontrollar – med det knallbra passasjermagasinet Underveis, internettilgang og med garantert plass!

www.kringom.nowww.nor-way.no

Flyplassar

Innan relativt korte avstandar er det tilgang til både små og større flyplassar. Sandane Lufthamn på Anda er næraste flyplass som ligg berre eit par minutt frå kommunegrensa i nabokommunen Gloppen. Volda/Ørsta Lufthamn i Hovdebygda ligg ikkje mykje lenger unna kommunegrensa i nord. Elles er både flyplassen i Florø og Førde mykje brukt. Den næraste større flyplassen ligg på Vigra utanfor Ålesund, og denne har internasjonale avgangar. Det tek eit par timar å køyre til Ålesund.

Sandane Lufthamn

Ørsta-Volda Lufthamn

Ålesund Lufthavn

Florø Lufthamn

Ferjer og ekspressbåtar

Det er to ferjesamband i Eid (til Gloppen og Bremanger) og det er elles kort veg til ekspressbåten som går frå Måløy.

www.fjord1.no