Sagaløypa - 7 - Lunden med utsikt til sætrane

Du har no vore gjennom kulturløypa. Her i Lunden er det god utsikt over kulturlandskapet på Nordfjordeid. Vidare er det høve til å utforske andre kulturmiljø i Eid. Til dømes er sætrane verdt eit besøk.

Sætrane

Gardane hadde sætrar på fjellet for å utnytte utmarksressursar til dyrehaldet. Sæterdrifta har vore ein del av jordbruket sidan før vikingtida. Den var på det mest intensive på 1800- og tidleg 1900-talet, for å dekkje matbehovet til ei raskt veksande befolkning. Det er i dag nesten inga aktiv sæterdrift.

Buskapen var på sætra om sommaren. Tilgangen til store beiteareal auka mjølke- og kjøtproduksjonen på gardane. Budeiene mjølka, kjerna smør og ysta ost på sætrane. Mjølk er ferskvare, og måtte derfor vidareforedlast for å kunne halde seg lenger. På nokre gardar vart mjølka sendt heim for vidareforedling der. Vidareforedla mjølkeprodukt vart nytta som mat og handelsvare. Langt tilbake i tid vart smør brukt til å betale skatt.

Friluftsliv på sætrane

I Eid er sætrane prega av opne, grøne sætervollar med små bygningar. Dette kulturlandskapet er forma av sæterdrifta. Kvar sæter er ulik og har sitt unike særpreg. I dag vert sætrane for det meste brukte til friluftsliv. Desse turmåla ligg nær sentrum.

Ein heilag lund?

Namnet Lunde eller Lunden finst fleire stader i nærleiken av viktige storgardar i førhistorisk tid. Kanskje syner namnet her til ein heilag lund i nærleiken av den gamle storgarden på Myklebust og Eid. Frå europeisk religionshistorie er heilage lundar kjende langt tilbake i tid. Dei heilage lundane var stader for religiøse kultar, dyrking av guddomar, spesielle naturfenomen og heilage tre.