Sagaløypa - 6 - Myklebustgarden

Tettstaden Nordfjordeid spring ut frå storgarden Myklebust, der det har vore drive jordbruk sidan bronsealderen. Opphavleg strekte garden seg over heile Nordfjordeid. Klyngetunet på Myklebustgarden har lege på same stad med felles tun i vikingtida, mellomalderen og heilt fram til utskiftinga på 1800-tallet. Då vart delar av tunet flytta ut.

Klyngetunet

Klyngetun er typisk for Vestlandet. Det tidlegare klyngetunet på Myklebustgarden strekte seg herifrå, og vest mot Eid kyrkje. Plasseringa gav utsyn over jorda og fjorden.

Ved å plassere bygningane i eit klyngetun kunne gardbrukarane bevare verdifull jord og samarbeide om oppgåver som kunne løysast i fellesskap, med til dømes spesialiserte bygningar som smier, kvernhus og stabbur. Tunet var eit lite samfunn, ein tettstad i miniatyr.

Utskiftinga

Fram til midten på 1800-talet hadde gardsdrifta den same forma. Frå langt tilbake i tid har gardane blitt delte. God og dårleg jord vart delt likt mellom sønene i fleire generasjonar. Denne oppdelinga av jordteigane førte til at gardbrukarane sat på usamanhengande jord med mange små lappar, teigblanding.

På midten av 1800-talet vart maskinene innførte i landbruket. Jorda var difor delt opp på nytt, slik at gardbrukarane fekk samanhengande jord, der dei kunne nytte denne nye teknologien. Dette vart kalla utskifting. Ved utskiftinga vart dei tidlegare klyngetuna oppløyste og gardbrukarane tok med seg husa og sette dei opp på si eiga jord. Bygningsstrukturen og driftsmåten vart endra og modernisert i tråd med tidas ideal.

Ved utskiftinga i 1863 var klyngetunet framleis intakt med i alt åtte gardbrukarar. I dag er det att fire gardstun i dette området, tre av desse ligg framleis som i det gamle klyngetunet. På folkemunne vert dei tuna kalla Jotunet, Olentunet, Simatunet og Kaspeltunet.

Den norske fjordhesten

Fjordhesten vert rekna som Noregs nasjonalhest, og er ein av tre nasjonale hesterasar. På Vestlandet har fjordhesten vore viktig for gardsdrifta, som arbeidshest i jord- og skogbruk. Traktoren tok over denne rolla frå midten av 1900-talet. Om sommaren er fjordhesten å sjå på beite fleire stader på Nordfjordeid.

Det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhest, Norsk Fjordhestsenter, ligg på Nordfjordeid. Sidan 1886 har det vore arrangert hingsteutstilling på Nordfjordeid, der dei beste fjordhestane vert kåra og brukte til vidare avl av rasen.