Sagaløypa - 3 - Framveksten av tettstaden Nordfjordeid

Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er blant dei best bevarte i Sogn og Fjordane. Husa som vart sette opp frå midten av 1800-talet og utover på 1900-talet, fortel historia om korleis folk budde og livnærte seg her.

Eksersisplassen

Etablering av eksersisplassen, med tilhøyrande aktivitet, har vore viktig for utviklinga av Nordfjordeid som handelsstad og tettstad. Eksersisplassen var landets første militære øvingsplass og vart etablert på garden Osnes, ved Eidselva i 1649.

Folk frå heile regionen var årleg samla til militære øvingar på eksersisplassen. Den militære aktiviteten var størst på 1700- og 1800-talet og førte til at store mengder folk frå regionen strøymde til Nordfjordeid. Med folket kom også behovet for spesielle handverkstenester, som til dømes børsemakarar, salmakarar og skomakarar.

Eidsgata og Tverrgata

Tverrgata er den eldste gata. Bygningane vart sette opp kring den gamle sjøvegen, som gjekk frå eit av tuna på Myklebustgarden til nausta ved fjorden. Eidsgata vart etablert parallelt med fjorden, rett ovanfor nausta.

Bygningane var som regel brukte både som bustad og arbeidsstad. Folk levde av å tilby tenester som vart etterspurde i ein yrande tettstad. I gatene var det mellom anna skreddar, spinnebu, pensjonat, fleire bakeri, manufakturbutikk, skomakar, snikkar, smie, skysstasjon, skjenkestove og fengselsrom.

Eidsgata og Tverrgata var ein strandsitjarstad, der gardbrukarane gav folk løyve til å setje opp hus i utkanten av landbruksjorda mot sjøen. Folk som sette opp hus her, åtte husa som dei budde og dreiv næring i, men ikkje sjølve jorda dei stod på.

Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata

Gatene har kvar sin tydelege profil. I Tverrgata er tomtene og bygningane mindre enn i Eidsgata. Her er bygningsstrukturen tydeleg med bustadhus, hovudsakleg med 11/2 etasje, plassert heilt ut mot gata, med hage og uthus bakanfor. Eidsgata er prega av hus i to etasjar med forretningslokale i første og bustad i andre etasje.

Bygningane er prega av byggemetoden som var rådande på den tida dei var bygde. Dei eldste husa er ofte eldre enn sjølve gatene, då det før var normalt å flytte med seg hus frå andre stader for å setje opp igjen på ein ny stad.