Sagaløypa - 1 - Nordfjordeid si kulturhistorie

På Nordfjordeid kan du følgje historia til levde liv, frå vikingtida heilt fram til i dag, på éin og same stad. Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er frå vår nære fortid, medan klyngetunet på Myklebust og gravhaugane der vitnar om busetjing over mange tusen år og eit maktsenter i vikingtida.

Tre område på Nordfjordeid vart i 2014 tekne med i Riksantikvaren sitt NB!-register over nasjonalt verneverdige by- og tettstadmiljø. Dette var Myklebustgarden med gravhaugar frå vikingtida, trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata frå nyare tid og eksersisplassen, som var landets første militære øvingsplass.

Namnet Nordfjordeid

Nordfjordeid ligg ved fjorden med lett tilgang til Hornindalsvatnet. Namnet Eid kjem av plasseringa og har vore i bruk lenge. Det vert enno brukt til dagleg. Nordfjordeid er eit nyare namn og skriv seg frå at poststaden måtte ha eit namn som skilde dette eidet frå andre eid.

Dei eldste spora etter levde liv

Rik tilgang på ressursar med lettdyrka landbruksjord av god kvalitet, godt fiske- og jaktterreng saman med lett tilgang til fjorden, har vore gunstig for busetnad. Det eldste funnet som vitnar om at her har levd folk, er ei steinøks frå eldre steinalder, i den tida då folk levde av jakt og sanking. Her har budd folk i over 6000 år.

Jordbruket tok over tidleg i bronsealderen og med det følgde gardsbusetnad. I jernalderen var folk godt etablerte i dette området. Myklebustgarden var eit maktsenter i vikingtida. Kontakten med fjorden var viktig på denne tida, då fjorden var vikingane sin veg ut i verda.

Nordfjordeid i nyare tid

Etter vikingtida har Nordfjordeid spela ei viktig rolle i regionen som kyrkjestad, handels- og gjestgjevarplass, eksersisplass og embetsmannsstad. Framveksten av tettstaden som vi ser den i dag, starta med Tverrgata og Eidsgata frå midten av 1800-talet til utpå 1900-talet. I nyare tid har funksjonar som skulestad og sjukehusstad hatt sitt å seie for veksten av tettstaden.

Nordfjordeid i dag

Kulturmiljøa frå nyare og eldre tid gir Nordfjordeid eit spesielt særpreg. Tettstaden er framleis i utvikling med aktivitet som gjer den interessant. I dag er kulturopplevingar viktige for livet på Nordfjordeid, med Malakoff Rockfestival og Operahuset i spissen.