Lyskunst på Rundehogjen
Lyskunst på Rundehogjen - Tormod Flatebø ©
Kviefossen
Kviefossen - Gerd Fløde Bjørlo ©
Den freda ferdslevegen ved Hogaåsen bustadfelt
Den freda ferdslevegen ved Hogaåsen bustadfelt - Gerd Fløde Bjørlo ©

Kommunedelplan for kulturarven.Kulturarven i Eid

Vi har ein rik kulturarv i Eid kommune, og kvar bygd har sine spesielle kulturminne som er omtala i kulturarvplanen.

Kulturarvplanen kan du få på biblioteket i operahuset og i informasjonsskranken i Eid rådhus.

Utvalde kulturminne i Eid:

Kulturminna, kulturmiljøa og kulturlandskapa vitnar om historia vår.  Kunnskap om kulturarven er viktig for at lokale aktørar skal kunne ta ut potensialet og nytte denne som ein ressurs i samfunnsutviklinga.

Dei utvalde kulturminna i Eid er desse:

  • Veganlegget gjennom Hogaåsen og vidare.
  • Gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen på Myklebust.
  • Bautasteinane på Naustdal.
  • Kyrkjestadane Eid og Stårheim.
  • Steingardar som eit typisk kulturminne.
  • Gardane på Åsane: Spesielle kulturmiljø og kulturlandskap.
  • Setrane i kommunen.
  • Fjordhesten: Rasen har eit vern av status som urhest og er av nasjonal verdi. www.norsk-fjordhestsenter.no
  • Båtstøene og naustmiljøa, som td. Årdalsvika.
  • Kulturlandskap, som td. Orheimsvika.
  • Den gamle postvegen over Brekka.
  • Kraftverket ved Kviafossen i Eidselva.
  • Kulturmiljøet ved Yris hotell.
  • Holmøy Arbeidsskule med tilhøyrande kulturmiljø.
  • Eidsgata/Tverrgata og Myklebustgardane.
  • Eksersisplassen med tilhøyrande anlegg som skytebana på Vårsetra.
  • Lag- og organisasjonslivet: Ei rik historie som ikkje fullt ut er registrert.