0 ©
0 ©
0 ©
Myklebustskipet
Myklebustskipet - 0 ©
Fjordhesten
Fjordhesten - 0 ©

Malakoff  - Eit magisk rockeeventyr på Nordfjordeid

Malakoff som held til her på på Nordfjordeid, har sidan oppstarten i 2003 hatt ei eventyrleg utvikling av både publikumstal og kvalitet. Kvar julimånad vert den vesle og sjarmerande bygda transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar. 

Her får du oppleve eit ekstraordinært artistprogram og ein brusande festivalcamp presentert i festivalrammer som gjev opplevingar for livet. Våre besøkande skal ha denbestefestivalopplevinga, år etter år. Malakoff er ein av landets største festivalar, og ein institusjon som skapar identitet og bulyst i distriktsnorge - noko vi er veldig stolte av.

   malakoff.no  Malakoff #denbestefestivalopplevinga

Opera Nordfjord – ein av landets 10 distriktsoperaer finn du her på Nordfjordeid

Opera Nordfjord vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich.  Dette vart starten på ei stor utvikling av musikklivet på Nordfjordeid.   Ein kan snakke om ”tida før og etter operaen”.    Samarbeid mellom profesjonelle aktørar, glade amatørar i kor, orkester og eit omfattande dugnadsapparat har blitt ei suksesshistorie. 

Opera Nordfjord har kvart år hovudproduksjonen sin på hausten (oktober).  Då er det dei store opera- og operetteproduksjonane som blir sette opp, både dei klassiske men også nyskapande urframføringar som Norge-Brasil – ein opera i 2010 og Sildagapet i 2017.  

operanordfjord.no   Opera Nordfjord

Sagastad

I Nordfjord er det gjort fleire til dels store arkeologiske funn heilt frå steinalderen og fram til i dag. Det er likevel Myklebustfunna frå yngre jernalder som i all hovudsak vil vere fundamentet for Sagastad, som gjennom ulike utstillingar, aktivitetar, historier og forteljingar skal gje oss innblikk i ei interessant historisk tid. Sagastad vil kunne ha informasjon og utstillingar også frå andre tidsepokar og funn i Nordfjord, men størst merksemd skal viast til vikingtida i Nordfjord frå ca. 800-1100 e. Kr.

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum.

Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet ein har funne restane av. Skipet er bygt i  full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet kan seglast på fjorden, men er for det meste utstilt i Sagastad og er ein av hovudattraksjonane der.

Det er faste opningstider. Tidene går fram av nettsida til Sagastad.

sagastad.no Sagastad

Fjordhesten

AS Norsk Fjordhestsenter er det nasjonale senteret for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten, og er eit ressurssenter  med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten.  

Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886, Norges Fjordhestlag si jubileumsutstilling i 1999 samla tilreisande frå elleve land og tre kontinent! Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert.

Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret året gjennom.

norsk-fjordhestsenter.no Norsk fjordhestsenter