Øystein Torheim ©
Gravhaugane på Myklebust
Gravhaugane på Myklebust - Cecilie Marie Åshamar ©
Kultursalen i Operahuset Nordfjord
Kultursalen i Operahuset Nordfjord - Fjordabladet ©
Elskhug & Eksis
Elskhug & Eksis - Svein Nesbakk ©
Rocka korpsstemne
Rocka korpsstemne - Øystein Torheim ©
Elskhug og eksis
Elskhug og eksis - Svein Nesbakk ©
Harpefossen
Harpefossen - Steinar Engeland ©
Russerevy 2017
Russerevy 2017 - Svein Nesbakk ©
Anna og Vilde og Indigo Child
Anna og Vilde og Indigo Child - Svein Nesbakk ©
Laksefiske i Eidselva
Laksefiske i Eidselva - Øystein Torheim ©

Rikt og mangfaldig kulturliv

I Eid kommune er det eit rikt og mangfaldig kulturliv. Opera Nordfjord, Malakoff, sogespela Elskhug og eksis og Kong Audbjørn, opplevingssenteret Sagastad med Myklebustskipet som er under bygging, skulemusikalane på Eid vidaregåande skule og mange andre små og store arrangement er eksempel på områder der ein med kultur i botnen samarbeider på tvers for å oppnå kvalitetar som ligg langt utover det ein kan forvente i eit lite lokalsamfunn. Fjordhesten – ein av dei 3 norske hesterasane, har sitt senter her på Nordfjordeid – også kalla fjordhestens Mekka. Her er lange og gode hestetradisjonar, med m.a. den årvisse hingsteutstillinga som har vore her sidan 1886. Les meir om Norsk Fjordhestsenter her.

Kulturskulen i Eid er ein  viktig motor i utviklinga av kulturlivet i kommunen. Med dyktige profesjonelle musikkpedagogar/kunstnarar er det ei stor breidde i opplæringstilboda innan song og musikk. Også dans, ballett og visuell kunst kan  ein få opplæring i her.

Kulturlivet i kommunen har framifrå vilkår i det flotte Operahuset Nordfjord med rockescena Gymmen Scene og Studio vegg i vegg. I operahuset er det kvar haust storslåtte operaproduksjonar sett i stand av Opera Nordfjord, og heile året gjennom er der eit tett program med alt frå lokale til nasjonale produksjonar.

Kulturhistoria til Eid er rik, og den nye kulturarvplanen gjev eit oversyn over viktige kulturminne som eidarane er opptekne av skal takast vare på for framtidige generasjonar. Bruk av kulturminne i ny drakt er det fleire eksempel på. Den gamle ekserserplassen på Nordfjordeid med samanhengande aktivitet frå 1600-talet og fram til 1967, er m.a. i dag arena for den årvisse Malakoff rockfestivalen som har utvikla seg til å bli ein av landets beste rockfestivalar.  

Stor breidde i kulturlivet i bygdene

Bygdene i Eid kommune har eit rikt kulturliv, og med ei breidde og eit mangfald som gjer at dei aller fleste kan finne noko å delta i. Skulekrinsane har eigne Idrettslag og dei fleste har korps, 4H, skyttarlag, ungdomslag, yngresgrupper/barnelag mm. Det skjer også mykje spennande aktivitet i dei flotte forsamlingslokala som finnest i heile kommunen.