Maurstadparken
Maurstadparken - Gerd Fløde Bjørlo ©
Utsyn mot Sagaparken
Utsyn mot Sagaparken - Gerd Fløde Bjørlo ©
Odd Erik Lote
Odd Erik Lote - Gerd Fløde Bjørlo ©
Vikingparken
Vikingparken - Gerd Fløde Bjørlo ©
Badstuplassen etter opning
Badstuplassen etter opning - Gerd Fløde Bjørlo ©
Eid kommune ©
Rekruttar
Rekruttar - Gerd Fløde Bjørlo ©
Dei gamle husa i Malakoff
Dei gamle husa i Malakoff - Gerd Fløde Bjørlo ©

Når du er på besøk i Eid sentrum – enten på handletur,  eit kulturarrangement i Operahuset eller berre på rusletur, så er det mange plasser i sentrum der du kan ta ein pust i bakken.

Sagaparken

som ligg like ved Amfi Nordfjord, er eit nytt park- og badeanlegg ved Eidsfjorden. Her er det fint å berre sitje og nye utsikta over Eidsfjorden, eller ta i bruk litt av det som parken innbyr til. Her er leike- og trimapparat, sandvolleybane, grillhytte og andre aktivitetstilbod, og ei universelt utforma badestrand. Her ligg også eit offentleg toalett.

Sagaløypa

Sagaløypa er ei løype på ca. 1,5 km i lett terreng midt i Eid sentrum. Den startar ved fjorden like ved Sagaparken. Langs løypa er det sett opp 7 skilt som fortel litt av Nordfjordeid si kulturhistorie. Løypa er godt merka, og via QR-koder på kvart skilt kan du få utfyllande informasjon og lydfiler på både norsk, engelsk og spansk. https://eidinviterer.no/kultur-og-oppleving/kulturstiar/sagaloypa

Badstuplassen

er ein park med eit leikeområde midt i Eidsgata.  Lokalisert like ved Kulturhuset Gamlebanken og Narvesen. Her er det også offentleg toalett.

Vikingparken

ligg like ved den gravhaugen på Myklebust der det brente «Myklebustskipet» vart funne i si tid, og som no blir rekonstruert i full storleik i Sagastad.  Litt tilbaketrekt mellom Eidsgata og Lotevegen er dette ein stad for kvile og å nyte utsikta til gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen. Du går innom denne parken om du går Sagaløpa.

Klatreparken

ligg ved Eid kyrkje. Her er plassen for både store og små barn. Fint å sitje her medan borna kosar seg i klatrestativa.

Maurstadparken

Like ved busshaldeplassen ligg Maurstadparken som har fått namnet sitt etter Alfred Maurstad som også har fått ei flott statue av seg der. Statua  viser Maurstad som Peer Gynt og er laga av Arnold Haukeland.

Plassen med Jektehola

Den største parken i sentrum er den gamle eksersisplassen. Går du sørover frå Almenningen langs Osvegen, kjem du til Plassen. Her er det historisk sus mellom trea, dei gamle husa frå eksersistida og bautane med minnesmerke over falne i verdskrigane. Langs elva ligg Jektehola med sti langs Eidselva. Her er det grillar som du kan nytte, og her er også fint for ungane å plaske i elva eller berre sitje å nyte endene som har tilhaldsstad i elva her.