Øystein Torheim ©

Nordfjords mest sjarmerande handelsstad

Nordfjordeid tilbyr definitivt det største og mest unike handletilbodet mellom Førde og Ålesund. Og i motsetnad til mange andre handlesenter, så held Nordfjordeid på den same gamle sjarmen som har vore kjenneteiknet til bygda i fleire generasjonar.

Handelssenteret midt i Nordfjord med alt frå kjøpesenter til små spesialbutikkar i den unike Eidsgata. Vi har gratis parkering og aktivitetar i sentrum gjennom heile året. Kvar laurdag frå midten av juni til august har vi sommarshopping. Eidamessa arrangerer vi i midten av september. I førjulstida har vi Jul i Eid.

Velkomen til triveleg handel på Nordfjordeid!
Sentrumskart

Kafear

Mange elskar å nyte kafélivet, men det er viktig å finne ein serveringsstad som matchar. Då er det godt å vite at Nordfjordeid har noko for ein kvar smak – bokstavleg tala! Ja, det vil ikkje forundre nokon om ein jamvel kan få servert vatn til prinsessens te frå verdas ende på Nordfjordeid! Ein god kaffikopp finn ein om lag over alt der ein ferdast i sentrum, og somme serverer eit kakestykkje eller ein høveleg smårett attåt. Det internasjonale tilsnittet på menyen er det ingen ting å seie på – her får du servert både kinesisk, tyrkisk, italiensk, norsk husmannskost eller ei pølse i brød på bensinstasjonen. Spennvidda er stor i utvalet, akkurat slik det skal vere på Nordfjordeid!

Butikkar

I Nordfjordeid finn du dei koslege butikkane i Eidsgata, og eit steinkast unna mot fjorden ligg det nye kjøpesenteret Amfi Nordfjord. Velkomen til triveleg handel og koseleg sentrumsliv her på Nordfjordeid – vi gler oss til å sjå deg!

Utvalet av butikkar er stort, men viktigast av alt er atmosfæren og dei gode tilboda. Dette må du oppleve!