Furuhogane på Harpefossen
Furuhogane på Harpefossen - 3 ©
Selje Cup 2017
Selje Cup 2017 - 5 ©

Lag og organisasjonar

7 Idrettslag, 7 skyttarlag, turlag , symjeklubb, golfklubb , tae-kwon do klubb, ride- og køyreklubb m.fl. står føre eit breitt spekter av aktivitetar innan breiddeidrett, treningar og tur/friluftaktivitetar.  Ei samla oversikt med namn og epostadresse til kontaktpersonar kjem snart.

Les også kva Eid har å tilby av natur og friluftsliv

Heilårsgrønn kunstgrasbane

Kunstgrasbana som ligg like bak Eid idrettshus, har ein unik fordel all den tid den er  undervarma med fjordvarme frå Eidsfjorden. Fjordvarme-prosjektert på Nordfjordeid gjev altså den lokale idretten eit stort fortrinn når det gjeld utandørstrening i vinterhalvåret. fjordvarme.no

Idrettshus og Fleirbrukshallar

Eid er så heldige å ha eit godt idrettshus med både treningssal og symjehall. Her er det ope for både elevar, mosjonistar og konkurranseidrettsutøvrarar.  Ved alle barneskulane i Eid finn ein gode fleirbrukshallar som kan lånast til treningar m.m. Den nyaste er Eidahallen (opna 2016) som ligg på Nordfjordeid skule. For lån av Idrettshus og fleirbrukshallar sjå eid.kommune.no

Utadørs anlegg for leik og moro

Eid kommune har mange flotte utandørs anlegg for fysisk aktivitet og leik. Du finn leik/aktivitetsområder ved alle skular- og barnehagar. Leikeplassar vert etablert i alle nye byggefelt. I tillegg finnest det aktivitetsanlegg i Klatreparken, Sagaparken og på Badstutomta i Nordfjordeid sentrum. Ved Eid Idrettspark ligg det også ein stor skatepark. Det er ikkje mindre enn 3 sandvolleyballbaner i Eid, i Sagaparken, på Nordøyrane og ved EVS.

Harpefossen

Harpefossen skisenteret ligg i Hjelmelandsdalen.  I tillegg til at her er eit komplett alpinanlegg med 6 heisar og 13 nedfartar i velpreparerte trasear,  er her flomlyste langrennsløyper og skiskytararena. Rulleskiløype er under opparbeiding.

Her er også eit Skileikområde med gode vilkår for borna, serveringstilbod, fleire grillhytter/gapahukar og gode parkeringsplassar. Alt ligg til rette for å ta med heile familien på turen til Harpefossen. På nettsida harpefossen.no kan du også kjøpe heisekort online.  Harpefossen er ein del av Alpepasset, eit felles heiskort for ni utvalde destinasjonar på Nordvestlandet.

Tua/Fladalen

Langrennstilhøva er heilt ypparlege på fellesanlegget Tua i Stigedalen, der det òg er skytebane for det aktive og svært dyktige skyttarmiljøet i Eid.  Her er det også lagt opp til skileikområde for borna, og fleire grillhytter er sett opp og fleire blir planlagt i nærområdet.

Nordfjord Golfklubb

Golf er ein populær sport i Eid og klubben engasjerer golfarar i alle aldrar. Klubben har ei flott og ettertrakta 9 hols golfbane på Stokkenes Golfpark.
www.norgolf.com Nordfjord Golfklubb

Bua Eid

Utstyrsbanken Bua Eid er ei utlånsordning for sport- og fritidsutstyr som er etablert ved LA-senteret på Langeland. Her kan alle låne heilt gratis! Det kostar ingen ting å prøve ein ny aktivitet!

 Nettstad BUA i Eid

Treningssenter

Her er fleire treningssenter i Eid sentrum.  Det største i Aktiv trening sitt senter i Eidsgata og  Badehuset på Nordfjord hotell  som har SPA-avdeling og treningssenter.