©
Øystein Torheim ©
Haust i Jektehola
Haust i Jektehola - Gerd Fløde Bjørlo ©
Born i Sagaparken
Born i Sagaparken - ©
Nordfjordeid
Nordfjordeid - Lars Lunde ©

Filmen Eid kommune frå Aust til Vest viser alle bygdene i  kommune. På lenkene under får du oversikt over kvar du kan etablere deg enten med bustad eller næring. 

Næringsareal i EidBustadtomter i Eid

Bustader til sals og leige finn du på finn.no

Til salsTil leige

E!d informasjonsmagasin finn du litt av det Eid har å tilby, og ledige stillingar finn du her:

Eid kommuneNAV

Eid kommune har gode offentlege tenester  for alle som bur i kommunen. Under fana Oppvekst kan du lese om kva Eid har å tilby barn og unge.

Nordfjord sjukehus

er lokalsjukehuset for kommunane i Nordfjord.  Her er ei rekke tilbod med medisinsk sengepost og poliklinikk.  God start avdelinga på sjukehuset er eit barselopphald for mor og barn. 

Legevaktordninga

Kommunane Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy har interkommunale helsetenester, som er lokalisert på Nordfjord sjukehus. 

Nordfjord psykiatrisenter med døgn-og dagbehandling.  Der er også ruspost.

Nordfjord BUP er eit poliklinisk spesialisthelsetilbod for kommunane i Nordfjord

Eid legekontor

er lokalisert sentralt på Nordfjordeid.  Her er gode parkeringstilhøve. Alle fastlegane i Eid kommune arbeider her, og vi har god legedekning – til saman er der 7 fastlegar.  Fleire av legane her har gjennomført 5 års spesialistutdanning og er spesialistar i allmennmedisin. 

Pleie og omsorg:

Fossevegen bufelleskap ligg flott til like under Myklebuståsen bustadfelt, og er ein sjukeheim med fleire omsorgsbustader.

Hogatunet bu-og behandlingssenter er nyopna i 2017, ligg på Myroldhaug, og er eit topp moderne og praktisk utstyrt bygg med velferdsteknologi og flotte fasilitetar.  Her er langtidsplassar, korttidsplassar, dagsenter for dagopphald og sentralkjøken for Eid kommune.

Omsorgsbustader er det fleire av i kommunen lokalisert i Eid sentrum.

Eid Frivilligsentral

Eid frivilligsentral er eit servicekontor for frivillig arbeid. Her kan alle melde seg til frivillig arbeid, og få råd om
- korleis finne/delta i fritidsaktivitet
- korleis skape ny frivillig aktivitet
- korleis etablere ein ny frivillig organisasjon.

Eid Frivilligsentral finn du i Eidsgata 9.

Kyrkja i Eid

Her er kyrkje i Kjølsdalen, Stårheim, Nordfjordeid og i Heggjabygda.  Kyrkja driv også trusopplæring med tilbod til born i alderen 0 -18 år. Eid kyrkjekontor finn du i Eid kyrkjetun like ved Eid kyrkje. Eid Kyrkjetun ligg fint til i sentrum av Nordfjordeid nær Eid Kyrkje med flott utsikt utover Eidsfjorden. Der er gode parkeringsplassar, fint uteområde og bygget har universell utforming. Passar svært godt til minnesamvere, konfirmasjonar, bryllaup, barnedåpar, årsmålsdagar og andre samlingshøve.

Forsamlingslokale

Her er fleire lokale som ein kan leige til ulike arrangement.  Eid kyrkjetun (sjå over), Valhall (Eid kommune) som ligg i Eid sentrum, Eid IL sitt klubbhus, Klenkarberget stadion, Kulturhuset Gamlebanken, Fellesanlegget på Tua, Bedehus på Nordfjordeid (Betania), Haugen, Kjølsdalen og Stårheim (Samlingsheimen).  Grendahus på Haus, Heggjabygda, Hennebygda, Hjelle, Hundeide, Kjølsdalen, Midthjell og Lefdal. Stårheim (Fram), Lote,   Hjelmelandsdalen (Solvang), Nes (Nesjarhall), Holmøyane (Vonlund), Haugen (Vårtun) og på Torheim.  På oversikta over lag og organisasjonar finn du kontaktpersonar til dei ulike lokala lenke til lista her   

Les meir kva Eid har å tilby her:

Idrett og fysisk aktivitet Kultur Natur og friluftsliv